Ein trist bodskap at syskjenbarn Henning er gått bort. Kondolerar til familien.
Hugsar 4 år eldre og alltid hyggelege Henning som ein eg såg opp til når vi besøkte besta i bestahuset i Gjelatunet.
Han imponerte spesielt som 17-18 åring under to Amerikabesøk på Gjela midt på 60-talet. Einaste som beherska engelsk og var tolk for alle og det var mange. Eg var stum av beundring.
Artig at vi i 2008 fekk friska opp att bekjentskapen ved nettopp eit nytt Amerikabesøk av dei same folka. Då hadde vi mykje moro.
Så trist å høyre at Henning er gått bort. Kondolerer til etterlatte og familie. Henning var ein fin fetter som eg såg (bokstaveleg talt også) opp til i barndommen og seinare. Siste gong eg hadde ein god del kontakt med han var i forbindelse med slektstreffet (2008), det var mykje moro både i forkant og på treffet. Fred over minne!